Leige lokale

Leige lokale til konferansar og selskap

  • Du kan velgje mellom dagspakke og halvdagspakke
  • 40-60 personar
  • Restaurantkjøkken – Me ordner mat etter ønske, kom med førespurnad.
  • Omvising på oppdrettet er inkludert
  • Passer til konfirmasjon, bryllaup, åremålsdagar, jubileum, slektstreff …
  • Me kan hjelpe til med båtskyss
  • Me har to lokale tilgjengeleg for bevertning, visning og konferansar.

Hovedlokalet

Hovedlokalet – Plass til ca. 60

Hovedlokalet ligg i første etasje på flåten, vegg i vegg med kjøkenet, med god utsikt mot merdanlegget. Lokalet er utstyrt med prosjektor og Bose lydanlegg i taket, fordelt på heile rommet. Det gjer det gunstig for konferanse og visning for større grupper. Hovedlokalet har plass til 60-70 personar for bevertning, omtrent dobbelt til visning eller foredrag.

Overetasjen

Overetasjen – Plass til ca. 40

I andre etasje har ein flott utsikt i alle retningar, prosjektor i taket og lydanlegg med teleslynge. Det er tilknytt eit utandørs overbygg med grillkrok. Særs gunstig lokale for konferansar, og har plass til 40 personar for bevertning, og det doble for foredrag.

Leige lokale 4
Leige lokale 5
roses-g5cda0e22b_1920
duka-g2d988a6c6_1920
Forrige bildeForrige bilde
Neste bildeNeste bilde

Nyheiter