Velkommen til vårt visningssenter
Sjå korleis oppdrett av laks blir drive. Du får sjå fisken i merden, smake på laksen som vi produsere, og ein tur med båt i det flotte øyriket vårt som du seint vil gløyma.
Visninga inkluderer
- Varigheit: ca. 2 timer
- 15 min båttur med båt, ein veg. Me hentar og bringer deg frå kaia på Fitjar.
- Guida visning med erfarne visningsvertar.
- Visning på oppdrettsanlegget og i utstillinga vår.
- Me har støvlar, redningsdressar og redningsvestar i alle storleikar.
- Smak på fisken.
- Kunnskap om lakseoppdrett.
- Moglegheit for å bestille lunsj eller middag (sjå eigen meny).
- Eignar seg for alle aldersgrupper – frå små barn til gamal krok.
- Me kan hjelpe til med organisering av båtskyss for større grupper og frå andre utgangspunkt enn Fitjar.
Visning kvar dag med forbehald at det ikkje er storm. Vår lukka båt (MS Ingeborg) kan køyre ut til visningssenteret i sterk vind. Me har flytedressar i alle storleikar. Kle deg etter vêret med passande fottøy.
Mat og drikke i kaféen
Det er mogleg å bestille lunsj eller middag på visningssenteret. Me serverer mat basert på eigne og lokale produkt, nydelege rettar laga av vår eigen kokk.
Du kan droppe innom restauranten i eigen båt i sommarsesongen.
Meny og prisar bestillingsmeny 2025
Visninga og utstillinga
Utstillinga tek deg frå oppdrettet slik det ein gong starta til den moderne drifta i dag. Fiskens livssyklus, berekraftig utvikling, fotavtrykk og framtid er nokre av temaene ein lærer om.
Korleis kome hit
Visningsanlegget ligg nord for Engesund i Fitjarøane, og er plassert ved oppdrettsanlegget vest for Dyrholmen. Sidan dette er eit matfiskanlegg som ligg på sjø, er ein avhengig av båt for å kome seg dit. Ein kan anten kome med eigen båt, eller me kan hente dykk i ein av våre båtar. Turen i seg sjølv er ei oppleving. Ein kjem nær sjøen og naturen i det flotte øyriket utanfor Fitjar.
Skal du til Engesund Fiskeoppdrett Visningssenter landvegen køyrer du til Fitjar sentrum. Fitjar ligg 10 minutt frå E39 ved Sandvikvåg og 30 minutt frå Leirvik sør på Stord, midt mellom Bergen og Haugesund. Det er altså god tilkomst både frå sør og nord langs vegen. Ved spesielle høve kan me hente andre stadar enn på Fitjar, til dømes er det kort avstand over til Austevoll og Bømlo via sjøvegen. For transport må me ta nokre atterhald om vêret.
Kontakt oss
Epost: visning@engesund.no
Telefon: 951 89 950
VISNINGSANSVARLEG
Karina Gautefall Bunes
E-post: karina@engesund.no
Telefon: 951 89 950 (ikkje SMS)