Prosjekt
Engesund Fiskeoppdrett søkjer til ei kvar tid å betre drifta si, både med tanke på økonomi og berekraft. Per i dag har vi fleire prosjekter gåande i tillegg til laks- og aurekonsesjonar, samt visningar på vårt visningssenter.
-
Rognkjeksoppdrett og naturleg lusekontroll
Engesund Fiskeoppdrett er saman med fleire andre aktørar i startfasen på eit Rognkjeks-oppdrett på Årskog i Fitjar Kommune. Rensefisk et lakselus direkte frå laks og aure, og er dermed ein naturleg biologisk måte å fjerne lusa på.
-
«Hordagut»
Engesund Fiskeoppdrett AS blir medeigar i brønnbåtselskapet Hordalaks AS
-
Visningssenteret
Engesund Fiskeoppdrett fekk tildelt ein visningsskonsesjon i 2011. I søknaden om visningsskonsesjon la me til grunn å tilsetje ein pedagog, byggje ei flott visningsflåte, og tilrettelegge på best mogleg måte slik at alle som ynskjer det skal få høve til å vitje eit fiskeoppdrett. Me er stolte av å kunne bidra til turisme og lokalsamfunn, auke kunnskap om norsk fiskeoppdrett og innan bærekraftig oppdrett.
-
Settefiskanlegg
Engesund Fiskeoppdrett eig 25% av aksjane i Vik Settefisk i Øygarden Kommune, Hordaland. Her har me eit godt samarbeid med hovudaksjonær Blom Fiskeoppdrett AS.
-
Lukka anlegg
Fiskeridepartemanget utlyste i 2014 «Grøne Konesjonar», der oppdrettsbedriftene som framla dei beste konsepta for å betre lakseproduksjonen, hindra lusespreiing og redusere faren for rømming fekk tilsagn. Engesund Fiskeoppdrett AS søkte med «Lukka betonganlegg» på sjø, og konseptet blei anerkjent og prioritert.
-
Dyrking av tare
Engesund er oppteken av miljøvennleg drift, og har dyrka tare sidan 2016 som ein del av eit forskningsprosjekt saman med Møreforsk, Sulefisk og Osland Havbruk.
-
Fôrresept
Eit godt fôr skal levere på mange felt: God tilvekst, god fiskehelse og kvaliteten på fisken. Desse tinga står i fokus hos oss. «Performance» er Havbrukspartner si eigen fôrresept, basert på erfaring og kunnskap. Me har sett saman dei beste råvarene og ekstra vitaminar til eit fôr som er på fisken sine premissar. Med «Performance» oppnår ein god tilvekst, også på låge temperaturar. God farge, kjemisk og visuelt og rask sårheling.
-
Luseskjørt
For å få bukt med lusa, er det flere tiltak som er satt i verk. Rensefisk er eit, men luseskjørt i kombinasjon med rensefisk kan vise seg å ha langt større effekt. Luseskjørtet er som ei myggnetting eller presenning rundt anlegget, og hindrar mesteparten av luselarvene å komme inn i anlegget.
-
Impregneringsfrie nøter
Me har redusert utslepp av kopar ved å ta i bruk impregneringsfrie nøter, såkalla HDPE-nøter på enkelte av anlegga. Når me ikkje brukar impregnering krevst meir spyling og arbeid. Likevel ynskjer me å setje miljøet og berekraft framst.
- I 2018 har Engesund Fiskeoppdrett 6 lokalitetar i drift, nokre med laks og nokre med aure. Dette endrar seg kontinuerlig, avhengig av marknaden og etterspurnaden.