Aktiviteter

Mange forskjellige aktiviteter

Me tilbyr ei rekke av forskjellige aktivitetar. I tillegg til gaida tur tilbyr me sushikurs, båttur i øyane, vandring i øyane, teambuilding aktivitetar, ørnesafari m.m.

Kva med blåtur til Engesund visningssenter med jobben? Her kan de nyta den vakre naturen med båttur i øyane og samstundes få fagleg input ved å leige lokale med konferanse pakke.

Eller kva med å ta med venegjengen på sushikurs?! Moglegheitene er mange!

Kontakt oss

Sushikurs

Sushikurs

Vil du læra deg å laga sushi?!

På detta kurst lærar du korleis du lagar risen, kva for tilbehøyr som passar, kva for smakskombinasjonar som passar og ikkje minst får du med deg ei oppskrift heim på dei forskjellige sausane me brukar. Meld deg på dette populære kurset. Kurset varar 3-4t.

1.000 kr. pr. person, inklusiv båttur, liten omvising, kurs og mat.
Meisterkokken Michael Reddington har kurset.
Me lovar deg ein kjekk kveld!
Minst seks deltakarar pr. kurs.

Båttur i øyane

Tur med rib-båt i Fitjarøyane: 4000,- per time per båt

3000,- per time per båt i samband med visning. Båttur i flott landskap med historie. Me tilpassar turane etter ynskje.

Me har 3 båtar; Nylei og Lusa, RIB båt med plass til 11 passasjerar i kvar. MS Ingeborg, lukka båt (mogleg å sitte inne og ute), plass til 12 passasjerar.

Ribbåt
Forsidebilde

Teambuilding – Escape the float

Underhaldane og spennande aktivitet for grupper

Her blir ein frakta til annlegget, men for å koma seg tilbake til fastland så må ein bruke dei små grå. Her må ein leite etter gjenstandar gøymd i forskjellige rom, løyse praktiske oppgåver, tenke kreativt og jobbe som eit team.

Ørnesafari

Fitjarøyane har eit rikt dyreliv

Her kan ein blant anna få auge på; sel, mink, oter, geiter, mange forskjellige fugleartar og ikkje minst havørn. Havørna trivs uti øyane. I vinterhalvåret Oktber – mars er det mykje ørn, og det er svært stor sannsynleg heit for å få auga på ei eller fem.

Me tek gjestene med på ein flott båttur og speidar etter den majestetiske havørna. 4000,- per time per båt
3000,- per time per båt i samband med visning

Havørn

Friskus i øyane turopplegg

Opplev den nydelege skjærgården i Fitjarøyane, og topptur til Ramsberget på øya Fonno. Turen avsluttast med ei smaksrik fiskesuppe ute på visningssenteret til Engesund Fiskeoppdrett

Varigheit: 4 til 6 timar
Vanskegrad: Lang tur: Moderat/krevjande – Gåturen til Ramsberget (6 timar)
Alternativ 2: Moderat – tur-retur Ljokloven og Tussakloven (5 timar)

Innhald: Oppmøte og førebuing til båttur på Fitjar, i kontorbygget til Engesund Fiskeoppdrett. Båtturen går til Fonno og tar cirka 5 minuttar. Turen er gaida, og undervegs har me nokre stopp der de får høyre om livet på Fonno, på godt og vondt, med noko skjemt og noko alvor. Første del av turen går på sti i utmark, mot Ljokloven og Litlavatnet. Her vil løypa vera prega av berg og våt myr. På enden kan det vera me finn Tussakloven og tar ein liten kafferast, før ein på alternativ 1 returnerer same vegen tilbake til båten. På alternativ to vil ein etter Tussakloven sikte seg inn på toppen Ramsberget (148 moh), og få med seg den flotte utsikta ut mot havet. Delar av turen tilbake går me på gardsveg. Tilbake i båten går ferda vidare til visningsanlegget, der det blir servert ei varm og god fiskesuppe og de får omvising på anlegget. Deretter går turen tilbake til Fitjar. Kle dykk etter veret, hugs gode tursko (vasstette) og drikkevatn til turen.

Pris: 499 kroner for kort tur (4 timar), 549 kroner for lengre tur
Tidspunkt: Oktober, november, januar til april.
Plassar: Minimum 4 deltakarar. Grupper på maks 30 personar.

Nyheiter

Gåvekort

Gåvekort

Me på Engesund fiskeoppdrett visningssenter ynskjer at alle som vil skal få moglegheit til å koma på besøk til oss.