Dyrking av tare

Engesund er oppteken av miljøvennleg drift, og har dyrka tare sidan 2016 som ein del av eit forskningsprosjekt saman med Møreforsk.

Samlokalisering av tare- og oppdrettsanlegg

Engesund Fiskeoppdrett har siden 2016 dyrka tare som del av et forskningsprosjekt i lag med Sulefisk og Osland Havbruk. Det er Møreforskning som står for forskinga og Norsk Sjømatsenter ved Grethe Adoff som er koordinator. Hortimare AS leverer «tare-yngelen».

Prosjektet går ut på å dyrke tare rundt lakseoppdrett, der taren nyttigjer seg av næringsstoffa frå laksen. I dag går næringssaltar frå åpne fiskeoppdrettsanlegg rett i havet. Ved samlokalisering av tareanlegg og fiskeoppdrettsanlegg kan ein utnytte desse næringssaltane som gjødsel til tara, og såleis få auka tareproduksjon. Dette kallar ein for IMTA (Integrert multitrofisk akvakultur).

Me ser også på om tareproduksjonen kan ha positiv effekt på lakseproduksjonen. Taren kan til eksempel fungere som eit luseskjørt, det vil samle seg småfisk og organismer som et luselarver. Tareanlegget kan og fungere som bølgedempar på utsatte lokalitetar.

Kvifor, Korleis og kvar?

Å dyrke tare frå spore til ferdig produkt er ei meir berekraftig løysning i motsetnad til tråling av tare som tek fra den naturlege tarvegetasjonen i havet. Tråling fjernar tare som er bustad og mat for fisk og skalldyr, og bidreg med næringssalt og karbondioksid. Mikroskopiske tarepartiklar, eller såkalla sporofytter vert sådd på eit tau med ein spesiallaga lim. Tauet settast ut i eit tareanlegg, og er spent opp slik at det ligg ca 1-2 meter under overflata. Ivårt prosjekt er dette på lokaliteten vår Leirvika i Nordhordaland.

Engesunds erfaringar

Taredyrkinga hjå Engesund syner lovande resultat. Me har i to utsett produsert tare, og har laga ei 50×200 meters ramme for taretaua å stå i. Det er lite erfaring på taredyrking, og få løysingar til dyrkinga er utvikla, noko som gjer at ikkje berre verknadane mellom tare og laks vert studert, men også sjølve teknikken med taredyrkinga, utsettstidspunkt, djupne hausteteknikkar, og også måtar å bearbeide taren etter hausting. Neste utsett vil vere i sjøen i slutten av oktober etter planen.