Isbading – sunt eller usunt?
«Isbading kan gi auka energinivå, forbedra motstandsdyktigheit, restitusjon, betra disiplin, styrke immunforsvar, forbrenna fett og gi godt humør».
«Isbading kan føra til sjokk og hyperventilering».
Sommaren 2023 var me to stk. som starta med bading og bestemte oss for å bada kvar einaste måndag. Det var fleire som heiv seg på trenden, og me er no ein gjeng på 4-5 stk. som badar fast kvar veke. Tanken var å bade på måndagar for å byrje veka med litt engergipåfyll, noko som ein ofte treng på måndagar. Men kvardagen for oss er svært ulik, og nokre måndagar er det umogleg å bade fordi me sit i møte eller har gjester heile dagen. Måndagsbading blei til måndag eller tysdagsbading, som no er blitt til bading ein gong i veka.
Det er ulike meiningar på om isbading er sunt eller usunt, men me i badegjengen er samde om at me trur det er sunt. For oss er det sosialt, påfyll av energi, glede, meistringsfølelse og betre immunforsvar? Me føler sjølv at det har vert mindre forkjølelse det siste året.
MEN, det er inga tvil om at bading i kaldt vatn kan væra eit sjokk for kroppen om ein stuper uti. Spesielt på dei kaldaste dagane tek me å går ned stegen, og duppar ikkje hovudet. Kaldt vatn inn i øyrene kan og vera ein pådrivar for forkjølelse, har me erfart.
Forskning viser til at isbading ikkje er å anbefale for folk med hjartesjukdom, men for friske folk kan det vera ein positiv helseeffekt. Studier viser til at ein kan raskare forbrenna fett og at det er ein god restitusjons måte.
På det kaldaste har det vert under 3°C i vatnet, dette er kaldt og me merkar at pusten går fort dei fyrste sekunda når ein kjem i vatnet. Me prøver å vera uti i nokre minutt, etterkvart går pusten rolegara og me slappar godt av i vatnet.
Me har ikkje eit fast tidspunkt me badar, men om nokon vil slenge seg på er det fult mogleg, desto fleire desto betre! Det er berre å ta kontakt.