Engesund Fiskeoppdrett AS søkjer visningsvertar

Søknadsfrist: 18.01.2026
Oppstart: Så tidleg som mogleg – tilpassast etter rett kandidat

Engesund Fiskeoppdrett AS lyser ut to vikariat i stilling som visningsvert ved vårt visningssenter i Fitjarøyane:

100 % vikariat

50 % vikariat

Begge vikariata varer i litt over eitt år. For rett person kan det vere moglegheit for vidare arbeid hos oss.
Det er mogleg å søkje på éi av stillingane eller ein kombinasjon.

Bli vår havbruksvert – mat, båt og magiske møter med fisk og folk

Hos Engesund Fiskeoppdrett AS får du jobbe midt i hjartet av kysten. Visningssenteret tek årleg imot rundt 4000 gjester, og me har ambisjonar om vidare vekst. Me tilbyr opplevingar av høg kvalitet gjennom guida turar, matservering og formidling av kunnskap om ei moderne og framtidsretta havbruksnæring. På visningsflåten finn du ei triveleg kafé og restaurant som serverer smakfull mat laga av eigen fisk og lokale råvarer. Som visningsvert blir du eit av dei viktigaste ansikta utad og ein nøkkelperson i å skape minneverdige opplevingar for gjestane våre.

Arbeidsoppgåver

  • Ta imot og guide gjester frå heile verda
  • Formidle kunnskap om havbruk og oppdrettsnæringa
  • Tillaging av mat, servering, rydding og reinhald
  • Administrative oppgåver som booking, e-post, marknadsføring og utvikling av visningskonsept
  • Variert arbeid både ute på sjøen og inne på kontor

Noko kvelds- og helgearbeid må påreknast

Kven passar stillinga for?

Me ser etter deg som:

  • Har gode formidlingsevner og likar å fortelje
  • Er serviceinnstilt, sosial og fleksibel
  • Snakkar godt norsk og engelsk
  • Er sjølvgåande og trivst i periodar med høgt tempo
  • Har god orden og bidreg til gode hygienerutinar

 

Det er ein fordel, men ikkje eit krav, om du har:

  • Erfaring frå reiseliv eller undervisning
  • Kjennskap til akvakultur
  • Interesse for matlaging
  • Kunnskap om marknadsføring
  • Erfaring med båtkøyring
  • Relevante kurs/sertifikat (t.d. D5L, passasjer- og krisehandtering)

 

Me tilbyr

  • Ein unik arbeidsplass i eit fantastisk kystmiljø
  • Varierte og spanande arbeidsoppgåver
  • Moglegheit til å påverke innhald og vidare utvikling av visningssenteret
  • Betalte relevante kurs og sertifikat (t.d. D5L og sikkerheitskurs)
  • Delvis fleksibel arbeidstid
  • Gode lønns- og forsikringsvilkår

 

Om oss

Engesund Fiskeoppdrett AS er eit oppdrettsselskap etablert i 1987, med hovudkontor i Fitjar kommune. Me produserer årleg 4–5000 tonn aure og laks, og har lokalitetar i Fitjar, Masfjorden og Solund.

Mottak og resepsjon for visningssenteret ligg i Fitjar sentrum, medan sjølve visningssenteret er lokalisert ute i Fitjarøyane. Visningssenteret er ein sentral del av verksemda og eit viktig bidrag til både reiseliv og kunnskapsformidling i kommunen. Målet er å gi gjestane faktabasert innsikt i oppdrettsnæringa gjennom guida opplevingar.

Søknadsinformasjon

Send søknad, CV og relevante dokument innan 18.01.2026 til:
📧 post@engesund.no

Har du spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med:

Karina Bunes, avdelingsleiar
📧 karina@engesund.no | 📞 948 67 131

Lars Heine Kåsa, personalansvarleg
📧 lars-heine@engesund.no | 📞 982 66 744

Me søker 2 visningsvertar til vikariat stilling 1
Me søker 2 visningsvertar til vikariat stilling 2
Me søker 2 visningsvertar til vikariat stilling 3
på merdkanten
Me søker 2 visningsvertar til vikariat stilling 4
guiding