Opplev Fitjarskjergarden og den spektakulære utsikten frå toppen av ei av øyane i Fitjarskjergarden!

I samarbeid med vår gode nabo PS bryggekafè arrangerar me denne unike opplevinga. Ein heil dag pakka med opplevingar:

Me tek deg med på ein guida tur til toppen av ei øy med fantastisk utsikt heilt ute mot havet i Fitjarøyane, lett lunsjmåltid og kaffi oppe på toppen.

Du får båttransport frå Fitjar sentrum, guide heilt til topps på ei av dei flottaste Fitjarøyane, omvisning på Engesund Visningssenter, båttur tilbake til Kråko og dagen avsluttast med ein tre-retters middag på PS Bryggekafé i Kråko.

Hos oss får de utdelt redningsdress/vest. Kle dykk godt, med varme, vann og vindtette sko/kleder. Lett/moderat krevjande gåtur. Ca. 2t gange i vanleg tempo. Kan ver lurt med ein liten tursekk med vatn og plass til ekstra klede.

Den små skrifta
Varighet: Heildagstur 1. mars
Oppmøte i resepsjonen vår, Fitjarjsøen 2, kl 10

Pris:1650,-
Informasjon om betaling kjem.
Påmeldingsfrist: ei uke før
Kontakt PS Bryggekafé:
tlf 970 95 048
post@ps-bryggekafe.no

Topptur i Fitjarøyane - vinterferiens finaste oppleving 1
PS bryggekafè
Topptur i Fitjarøyane - vinterferiens finaste oppleving 2
20231028_133357
Topptur i Fitjarøyane - vinterferiens finaste oppleving 3
@Bjarne Hjelmås