Når me no ser tilbake på året 2025, kjenner me på ekte glede og stoltheit. Dette har nemleg vore eit rekordår for Engesund Visningssenter. For første gong har me passert over 4000 gjeste, noko som betyr mykje for oss. At så mange ønskjer å kome innom og lære om havbruk.

Eit år fylt med gode møte
Gjennom heile året har vi hatt besøk av eit mangfald av grupper som barnehagar, skuleklassar, turistar, lag, foreiningar og ulike grupper.
Kvart einaste besøk har sett sitt preg på oss. Det er kjekt å sjå kor engasjert både barn og vaksne blir når dei får oppleve livet i merdane, høyre om fôringa og lære om korleis me jobbar med fiskevelferd.

Me er her for å dele
For oss handlar desse dagane ikkje berre om å vise fram anlegget, men om å gi forståing. Me ønskjer å formidle kva havbruk er, korleis me jobbar og kvifor denne næringa betyr så mykje.

Eit år som inspirerer
Det er dei besøkande som gjer dette arbeidet så meiningsfullt. De har fylt året med travle dager, gode spørsmål, begeistring og små augeblikk me kjem til å hugsa. Me er heldige som får møte så mange flotte menneske gjennom året.

Me ser fram mot 2026
Når me no går inn i eit nytt år, håpar me på endå fleire gode opplevingar og like mange hyggelege besøk. Kanskje klarer me ein ny rekord? Uansett er me klare til å ta imot alle som ønskjer å lære, sjå og oppleve havbruk på nært hald.

Tusen takk til alle som har besøkt oss i 2025
Velkomne tilbake i 2026!

 

Velkomne tilbake til Engesund Visningssenter!

Takk for eit flott år 1
Takk for eit flott år 2