Lukka anlegg
Lukka anlegg gir auka arealutnytting, det blir lettare å styre miljøet inne i anlegga og man slepp unna problem med lus.
Bakgrunnen for prosjektet
I 2014 vart det tildelt 3 kategoriar av grøne konsesjonar til næringa. Fiskeridepartemanget utlyste «Grøne Konesjonar», der oppdrettsbedriftene som framla dei beste konsepta for å betre lakseproduksjonen, hindra lusespreiing og redusere faren for rømming, fekk tilsagn. Engesund Fiskeoppdrett AS søkte med «Lukka betonganlegg» på sjø, og konseptet vart anerkjent og prioritert. Me fekk endelig tilsagn i 2016 og det lukka anlegget til det grøne løyvet vart høgtideleg innvia 8.august i år. Fyrste fisken er tiltenkt å kome i anlegget på lokaliteten Ådnekvamme i Masfjorden rundt 20 september 2018. Der har me som mål å produsere 600 000 stk. 400 g fisk pr. år.
Engesund Fiskeoppdrett har også ambisjonar om å vidareføre denne satsinga og har søkt på utviklingsløyve for eit lukka konsept der ein oppskalerer kraftig, tek i bruk ny teknologi og nye løysingar for å sikre god fiskevelferd.
Utviklingsløyvet – Korleis vil det fungere
Konseptet er tufta på å auke arealutnyttinga, både ved å ta bruk skjerma lokalitetar til lukka betonganlegg, og auke effektiviteten i eksisterande lokalitetar ved å produsere stor post-smolt. Laksen vil verte plassert i eit lukka betonganlegg der fisken står frå den er 0,4 kg til den er 1,5 kg. Med trommelfilter på inntak av sjøvann filtrerer ein ut blant anna luselarvar. Eit filter på avløp tar ut alt slam frå fisken. Slam blir lagra på eigne tankar som har ca. 200 tonn kapasitet, og frakta bort for vidare prosessering og bruk til andre formål som biogass, brensel, gjødsel og i betongindustri.
Betre kontroll, eit berekraftig alternativ og auka arealutnytting
Engesund Fiskeoppdrett AS har drevet småskala storsmolt og postsmolt produksjon på Vik Settefisk (som Engesund er deleigar i) sidan 2011. Me ser det er store fordelar med å få smolten/postsmolten opp til 400 g før utsett i opne merder. Fisken blir da eksponert for lakselus i kortare periodar enn om fisken blir satt ut som 100-150 grams smolt. Produksjonstida i opne merder reduserast med fleire månader – ifrå 14-16 mnd. til 9-14 mnd.
Engesund ville med desse erfaringane byggje eit lukka anlegg som ligg i naturgitte og skjerma omgivelser, innanskjers. Det lukka anlegget er plassert i nærheta av dei ordinære lokalitetane til Engesund, så transporttida reduserast og logistikken for operatørene er enkel.
Strandsona er som kjent under stort press, og slike anlegg beslaglegg ikkje strandlinja og gjer heller ikkje andre inngrep i og ved sjøen. Et lukka anlegg vil kunne ligge på lokalitetar som ikkje er eigna til produksjon av laks i opne merdar, som til eksempel er innaskjers eller i ein terskelfjord. Ein vil også kunne nytte dei ordinære lokalitetane betre sidan kvar produksjonssyklus blir forkorta.
Kortare tid mellom kvar brakklegging, med meir intensiv produksjon (kortare tid i åpen merd) er betre for miljøet, betre for oppdretteren og betre for laksen.