Om Engesund Fiskeoppdrett AS

Engesund Fiskeoppdrett AS er et oppdrettsselskap med base i Fitjar, som driv berekraftig produksjon av regnbueørret. Med lokaliteter i Fitjar, Masfjorden og Solund, og benytter både ordinære, grønne og visnings-konsesjonar..

Selskapet er i dag et partnerskaps basert oppdrettsselskap, består av familien Gilje, Troland Lakseoppdrett og Telavåg Fiskeoppdrett. Engesund Fiskeoppdrett AS var eit familieeigd selskap i 60 år. Svein Eivind Gilje er dagleg leiar. Han er barnebarn til Lars Kleppe, som var ein av pionerane innan oppdrett på Vestlandet. Kleppe starta aureoppdrett allereie i 1964. I 2024 endra eigarstrukturen seg til Gilje gruppen som eig 40%, medan Troland og Telavåg eig 30% kvar.

Svein Eivind Gilje, barnebarn av grunnleggjaren Lars Kleppe, har fagbrev i både akvakultur og fiske/fangst, og har jobba både på fiskebåt og brønnbåt tidlegare. På merittlista hans ligg blant anna tilføying av visningsskonsesjonen til Engesund Fiskeoppdrett og eit mørke-grønt løyve i kategori C.

Selskapet har 2 komersielle konsesjonar; ein ordinær matfiskkonsesjon og ein «grøn» konsesjon. Vidare driv Engesund også særløyver; ein visningskonsesjon og tidlegare ein FoU konsesjon med dyrking av tare. Engesund er også deleigar i Vik Settefisk AS, Vest Aqua Base AS og Hordalaks AS, og driv såleis eit utbreitt samarbeid med andre oppdretsselskap.

Me satsar på regnbogeaure – eit berekraftig og vakkert alternativ

Etter fleire år med produksjon av både laks og regnbogeaure, tok me i januar 2024 steget fullt ut – og gjekk over til 100 % produksjon av regnbogeaure. Dette er eit strategisk val me har stor tru på, og som me vil halde fram med i åra som kjem.

Kvifor regnbogeaure?

Regnbogeaure utgjer i dag berre om lag 5–7 % av den totale oppdrettsfisken i Noreg, men me meiner denne arten har stort uforløyst potensial – både når det gjeld berekraft, fiskevelferd og produktkvalitet.

Regnbogeaura har fleire eigenskapar som gjer ho svært godt egna for moderne, ansvarleg oppdrett:

  • God helsestatus – Aura har vist seg å vere robust og motstandsdyktig under norske produksjonsforhold.
  • Sterk appetitt – Dette gir god og stabil tilvekst, og ein effektiv produksjon.
  • Vakker og karakteristisk fisk – Med sin blå- og fiolette rygg, sølvglinsande buk og den raude stripa langs sida, skil regnbogeaura seg tydeleg ut – både i merd og i marknad.

Osland settefisk – eit kvalitetsval

All smolten me brukar kjem frå Osland Settefisk, og me nyttar hovudsakleg Osland-stammen. I tillegg brukar me noko smolt frå AquaGen-stammen, som òg blir produsert hos Osland.

Stammen er kjent for god helse, sterk vekst og høg produksjonskvalitet – eigenskapar som passar godt til våre mål om berekraftig oppdrett.

Langsiktig og berekraftig strategi

Me ser på regnbogeaure som eit framtidsretta val for både miljøet, marknaden og oss som produsentar. Dette er ein art som trivst godt i norske fjord- og havmiljø, og som lar seg produsere på ein måte som sikrar høg fiskevelferd og god ressursutnytting.

Gjennom målretta satsing, godt samarbeid med kompetente leverandørar og fokus på kvalitet og berekraft, vil me bidra til å styrkje posisjonen til regnbogeaura i norsk oppdrett – og tilby ein sunn, vakker og smakfull fisk til marknaden.

Bilde av lars
Om Engesund Fiskeoppdrett AS 1

Vår historie

Engesund Fiskeopprett byggjer verksemda si på ei lokal, historisk utvikling knytt til tradisjonelt fiske, pionertid innan oppdrett og handels- og gjestgjevarstaden.

Grunnleggjaren av oppdrettsselskapet, Lars Kleppe (morfar til dagleg leiar), dreiv fiske, butikk, småbruk, post og gjestgiveri på øya Engesund, som han åtte. Lakseoppdrettet etablerte han i 1987, etter å ha fått konsesjon same året. Oppdrettet vart då drive saman med sonen, Ingebrigt Kleppe. Det vart rekna som ei reetablering, avdi Lars Kleppe var ein av pionerane innan fiskeoppdrett i dette området (jfr. konsesjonstilsagnet frå Fiskeridirektoratet). Laksesmolten fekk han kjøpt av Johnsen i Brandasund.

Allereie i 1964 byrja Lars Kleppe med regnbogeaure, som han eksporterte sjølv. Anlegget den gong var ei not som sperra av ei lita bukt (like nord for Hengjo på Engesund). Setjefisken vart kjøpt lokalt, av ein annan pioner, Rønhovde. Fôret fiska Kleppe sjølv, med eige notbruk. Pale og annan fisk vart kverna i Sjøhuset, der det også var fryserom. Regnboge-oppdrettet vart avslutta i 1972.

For Kleppe-familien var jamvel ikkje dette den første starten på oppdrett. Mellom anna under krigen hadde dei stort østersoppdrett i ein poll vest på Ivarsøy. Dessutan dreiv Kleppe med hummar-kister som romma 3000 kg, plassert i bukta framfor Engesund.

Soleis representerer Engesund Fiskeoppdrett ei samanhengande, naturleg utvikling som utgjer ein genuin, direkte tilknyting til det gamle fiskarsamfunnet. Ikkje berre på Engesund med ubrote familieband og stadtilknyting, men som ein del av kulturhistoria her vest. Og det er eit døme på den opphavelege intensjonen med oppdrettsanlegga og konsesjonstildelinga, å skapa arbeidsplassar langs kysten bygd på eit lokalt fundament. Oppdrett vart eit alternativ då silda og andre fiskeslag forsvann i 50- og 60-åra.

Noverande dagleg leiar, Svein Eivind Gilje, har vakse opp med fiskeoppdrettet. Han har elles både fagbrev i oppdrett og fiske/fangst. Før han vart tilsett som dagleg leiar, jobba han på fiskebåtar og brønnbåtar, ei tid også som kokk.