Sesongmedarbeidar
Engesund Visningssenter Kjøkken
Me søker sesongmedarbeidar til vårt kjøkken i perioden 19.juni – 17. august.
Engesund Visningssenter er eit moderne opplevingssenter for havbruk. Senterets verksemd er drift av opplevingssenter med guida tur, kafé på flåten vår, turistinformasjon og resepsjon sentralt i Fitjar. Engesund Visningssenter er lokalisert i Fitjarøyane, med landbase i Fitjar sentrum, 10 min frå E39 ved Sandvikvåg ferjekai.
Vår kafédrift er lokalisert på Visningsflåten som ligg ute i Fitjarøyane nær Selbjørnsfjorden. Kaféen satsar på lokale kvalitetsråvarer, med vekt på sjømat. Her kan folk koma med eigen båt eller på dei faste båtavgangane våre frå Fitjar sentrum. Jobben består hovudsakleg av tilberedning og servering av mat. Rydding og vasking samt andre arbeidsoppgåver ved behov inngår i stillinga.
Stillingen vil krevje helgearbeid. Det er 8 timar arbeidsdag, der arbeidstid blir lagt mellom 09.00 – 19.00. Me prioriterer deg som kan jobbe heile sesongen.
Me ser etter deg som
- Er serviceinnstilte, positiv, imøtekommande, engasjert, ansvarsfull, lærevillig, nøyaktig og rask
- Effektiv
- Ynskjeleg med erfaring frå kjøkken og eller servering
- Kan jobba sjølvstendig og i team
- Bidra til god hygiene, og overhalde hygieniske rutinar, halde orden og vask av lokalet
Arbeidsoppgåver:
- Produksjon av kald og varm mat
- Rydding og vasking
- Arbeide etter IK-mat rutinar
- Generelt kjøkkenarbeid
- Servering og kasse
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver på ein spennande arbeidsstad
- konkurransedyktige lønnsvilkår
- Godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonskrav:
- Minimum 18 år
- Serviceinnstilt, kvalitetsbevisst og detaljorientert
- Ynskjeleg med båtførarbevis.
Ser dette interessant ut? Send oss din søknad snarast.
Søknadsfrist 31.03.2025
Send søknad på e-post: visning@engesund.no
Tlf. ved spørsmål: 95189950