Me på visningssenteret vil ynskja alle våre venner og bekjente eit riktig godt nyttår!
Me vil takka alle som besøkte oss i 2024!
2024 var eit nytt år der med hadde rekord mange besøkande på visningssenteret, dette er noko me er veldig stolte og glade for! Senteret er ope heila året, og me hadde besøkande i frå tidleg januar til slutten av desember. På våren hadde me over 1000 9.klasse elevar frå heile Sunnhordland regionen. Våren var og full av familie besøk, bedriftsbesøk, selskap, arrangement og kurs. Sommaren var hektisk med både norske og utenlanske turistar på drop-in besøk langt ut i september. På hausten var det igjen mykje besøk av både bedrifter og private personar. I desember hadde me 5 juleverkstad med fult på påmeldingslista! Igjen, me er svært takksame for alle som har besøkt oss i 2024, og me skal jobbe for at det blir enda fleire i 2025!
Fjoråret besto ikkje berre i besøk. Me jobba på spreng med marknadsføring, nye idear til ustillinga vår, kurs, kunnskaps bygging og nye arrangement. Me fekk også fleire nye samarbeidspartnarar, noko me er svært nøgde med. Samarbeid er gull, ein er alltid best når ein jobbar i lag, fleire aktørar. På visningssenteret fekk me også nye tilsette! Dei set me svært stor pris på, og me ser kor engasjerte dei er i jobben.
Me gler oss til eit nytt år med enda fleire besøkande, nye opplevingar og bekjentskap!
RIKTIG GODT NYTTÅR ALLE!❤️