I år blir det fiskefestival igjen! Med fullt program frå fredag til laurdag.
Fredag, 11. august, inviterer me til opning av fiskefestivalen på meiereikaien, Fitjarsjøen 2. Det blir grilling og underhaldning frå 17:00-19:00. Me stiller med GRATIS grillmat (gjerne gi beskjed om du kjem) så veit me om lag kor mykje me skal lage.
Duoen Erik & Øyvind kjem for å spele for oss. Dei har laga songane «Kanskje» og «Sol over Sunnhordland». Kanskje du har høyrt dei? I tillegg spelar dei popmusikk, rock og barnesongar.
Laurdag, 12. august vert det skytteltrafikk til visningsflåten. Båten går kvar heile time frå Meierikaien og kvar halve time frå flåten.
Heilt gratis! Møt opp i resepsjonen ved Fitjarsjøen 2 for registrering, eller ring oss på tlf. 951-89-950. Gaida visningstur tar ca. 1,5t.
NB! Maks 12 passasjerar kvar avgang, førstemann til mølla prinsipp.
Menyen denne dagen består av berre av sitronlaks og laksewrap. I gjengjeld får du begge rettar for berre 50kr kvar!
Velkommen!