Barnehagar hausten 2025
Denne hausten har me på Engesund Visningssenter invitert barnehagane i nærmiljøet til ein gratis og lærerik dag hos oss. Det har vore ei glede å få ta imot så mange nysgjerrige og engasjerte barn, og for oss som jobbar her har besøka vore eit av høgdepunkta gjennom heile sesongen.

Læring
Dagen startar med ei enkel introduksjon om kva fiske me har og kvifor me har fisken. Barna får sjå live fôring og lære meir om kva fisken et og korleis me tek vare på den. Deretter går turen vidare ut på båttur til flåten, dette er alltid eit stort høgdepunkt!

På flåten får barna sjølve prøve å handfôret fisken. Dette er ein aktivitet barna synast er ekstra kjekt.

Aktivitet inne på flåten
På flåten går me saman inn for å “lage fisk” til akvarium som står klare. Me har sett opp eitt akvarium til kvar barnehage, og desse vil stå utstilt hos oss framover. På den måten kan barna kome tilbake og besøka fiskane sine, eller ta med familien på besøk ein annan dag.

Lunsj av regnbogeaure
Barnehagane som ønskte det, fekk også servert vår populære rett Ship o hoi: steikt regnbogeaure med krydder, potetbåtar, frisk salat og vår heimelaga dressing. Dette har vore ein stor suksess, fleire barn har til og med bede om påfyll! Det gjer oss ekstra glade, for nettopp dette me ønskjer: at barna skal få gode og positive opplevingar med fisk som mat.

Takk for ein flott haust
No når sesongen går mot slutten, sit me igjen med ei rekkje fine augeblikk! Små gleder i kvardagen som det er lett å ta for gitt. Me vil gjerne rette ei stor takk til alle barnehagane som har kome på besøk. De har gjort hausten vår heilt spesiell.

Velkomne tilbake til Engesund Visningssenter!

Barnehagar hausten 2025 1
Barnehagar hausten 2025 2