No har auren kome til sitt nye heim!

Vi får fisk annakvart år, så no har du sjansen til å møte smolten. Smolt er nemninga på ung fisk som er ferdig tilpassa overgangen frå ferskvatn til saltvatn – klar for å vandra vidare ut i sjøen.

Fisken kom med brønnbåten Ro master, som er spesialbygd for å transportera levande fisk med fokus på god fiskevelferd. Med eit dyktig og erfarent mannskap vart smolten trygt frakta og sett ut i sitt nye heim: Dyrholmen vest.

Her skal fisken få veksa seg stor og sterk i trygge, kontrollerte omgjevnader. Dette markerer starten på ein ny produksjonssyklus hos oss i Engesund, og vi gler oss til å følgja fisken vidare på ferda.

Sunn mat rett frå havet
Ørret er ikkje berre ei berekraftig råvare – det er òg noko av det sunnaste du kan ha på middagstallerkenen. Fisken er rik på omega-3-feittsyrer, protein, vitamin D, jod og selen – viktige næringsstoff for både hjarte, hjerne og immunforsvar.

Gjennom arbeidet vårt ønskjer vi å bidra til sunnare matvanar og eit meir berekraftig matsystem – med kortreist sjømat produsert med omsorg for både fisken og miljøet.

Velkomen på besøk i sommar!
Kafeen på visningssenteret vårt held ope kvar dag gjennom heile sommaren, frå kl. 12 til 17. Her kan du òg få kjøpt deilige rettar laga med vår eigen ørret – fersk, smakfull og lokal.

Du kan ta turen ut med eigen båt, eller bli med på ein av dei faste avgangane frå Fitjarsjøen 2, kvar dag kl. 11 og 14.

På Fitjarsjøen 2 kan du òg kjøpe filet av auren vår, så du kan ta med smaken av Engesund heim til ditt eige kjøken.

Vi ønskjer både små og store hjarteleg velkomne til ein lærerik, velsmakande og innhaldsrik sommar på sjøen!

No har auren kome til Dyrholmen! 1
No har auren kome til Dyrholmen! 2
No har auren kome til Dyrholmen! 3