Rekordår med gjester
Aldri før me hatt så mange gjester på visningssenteret vårt!
– me vil takka alle som har besøkt oss i år.
Søndag 22.oktober nådde me endeleg 3000 gjester som har vert eit mål lenge. No har me hatt 3027 gjester hittil i år. Besøkstala viser at det er mange som set pris på visningssenteret vårt, noko me er svært glade for.
Ein visningskonsesjon er ein særtillatelse frå fiskeridirektoratet, der ein får tillatelse til å produsera ein viss mengde fisk. Detta på vilkår om at det blir lagt til rette for publikum til å koma å sjå og læra om norsk akvakulturnæring. Å auke kunnskapen om akvakulturnæringa ser me som særs viktig. Difor er det viktig å utvikle seg og gjer seg attraktiv til å bli besøkt.
Me er ope kvar dag året rundt for å ta i mot gjester som vil koma på besøk til oss, alt frå ein person til store grupper. Å auke besøkstalet er noko me jobbar med kvar dag. Dette omhandlar alt frå å arrangere forskjellege arrangement, tilby pakkar, drive med reiseliv og undervisning. I tillegg jobbar me veldig mykje med marknadsføring.
Det er viktig for oss at alle som vil får moglegheit til å besøke oss. Difor har me og delt ut tusenvis av gratis billettar gjennom gåvekort eller kupongar. I tillegg til vanlege guida turar, har me i år har hatt fleire arrangement på visningssenteret – som sushikurs, påskemysterium, boklansering etc. Me har hatt mange selskap, gåturar og båtturar i øyane kombinert med guida tur på visningssenteret.
På visningssenteret jobbar me aktivt for at kvar og ein som besøker oss får ein god og unik oppleving hos oss. Me skreddarsyr opplegg etter ynskje og behov. Eit besøk hos oss varar minimum i 2 timar. Me får mange positive tilbakemeldingar på arbeidet me gjer, og dette ynskjer me å halde fram med.
Det er framleis mange dagar igjen av året, og me står klare for å ta i mot fleire besøkande! Ynskjer du å ha ein god lunsj, arrangere selskap eller bedriftsbesøk eller kanskje du vil ta med familien din på ein kjekk helge aktivitet? Ta kontakt med oss! Tlf. 951 89 950 eller visning@engesund.no