Hopp til innhold

Rognkjeksoppdrett og naturleg lusekontroll

Ein naturleg biologisk måte å fjerne lus.

Rognkjeksoppdrett

Lakselus er ein av dei største utfordringane innan fiskeoppdrettnæringa. Det jobbast intenst med å finne metodar for effektiv og miljøvennleg fjerning av lakselusa.

Engesund Fiskeoppdrett har saman med fleire andre aktørar starta eit Rognkjeks-oppdrett på Årskog i Fitjar Kommune, og er 25% medeigar.

Ein naturleg avslusningsmetode

Rognkjeksen finst vill i havet, og er saman med leppefisk i kategorien rensefisk. Rensefisk et lakselus direkte frå laks og aure, og er dermed ein naturleg biologisk måte å fjerne lusa på. Rognkjeksen (og rognkallen som er hannen) har fortrinnet ved at den egnar seg godt i vinterhalvåret, då leppefisken går i dvale. Rognkjeksa har også vist seg å vera lettare å oppdrette enn leppefisk.

For meir info ta ein titt på videoen under, og kom gjerne på visning.

Ta og ein titt på vårt prosjekt for, Lukka betonganlegg som også har effekt på mengda lus.