Hopp til innhold

Om Engesund Fiskeoppdrett AS

Engesund Fiskeoppdrett AS er lokalisert ved Engesund i Fitjarøyane som ligg utanfor Fitjar i Sunnhordland.

Engesund Fiskeoppdrett AS er eit familieeigd selskap. Svein Eivind Gilje er dagleg leiar. Han er barnebarn til Lars Kleppe, som var ein av pionerane innan oppdrett på Vestlandet. Kleppe starta aureoppdrett allereie i 1964.

Svein Eivind Gilje, barnebarn av grunnleggjaren Lars Kleppe, har fagbrev i både akvakultur og fiske/fangst, og har jobba både på fiskebåt og brønnbåt tidlegare. På merittlista hans ligg blant anna tilføying av visningsskonsesjonen til Engesund Fiskeoppdrett, eit mørke-grønt løyve i kategori C og ein FoU konsesjon for forsking på dyrking av tare i nærleiken av oppdrett.

Selskapet har 2 komersielle konsesjonar; ein ordinær matfiskkonsesjon og ein «grøn» konsesjon. Vidare driv Engesund også to særløyver; ein visningskonsesjon og ein FoU konsesjon. Engesund er også deleigar i Vik Settefisk AS, Vest Aqua Base AS og Hordalaks AS, og driv såleis eit utbreitt samarbeid med andre oppdretsselskap.

Engesund Fiskeopprett byggjer verksemda si på ei lokal, historisk utvikling knytt til tradisjonelt fiske, pionertid innan oppdrett og handels- og gjestgjevarstaden.

Grunnleggjaren av oppdrettsselskapet, Lars Kleppe (morfar til dagleg leiar), dreiv fiske, butikk, småbruk, post og gjestgiveri på øya Engesund, som han åtte. Lakseoppdrettet etablerte han i 1987, etter å ha fått konsesjon same året. Oppdrettet vart då drive saman med sonen, Ingebrigt Kleppe. Det vart rekna som ei reetablering, avdi Lars Kleppe var ein av pionerane innan fiskeoppdrett i dette området (jfr. konsesjonstilsagnet frå Fiskeridirektoratet). Laksesmolten fekk han kjøpt av Johnsen i Brandasund.

 

Allereie i 1964 byrja Lars Kleppe med regnbogeaure, som han eksporterte sjølv. Anlegget den gong var ei not som sperra av ei lita bukt (like nord for Hengjo på Engesund). Setjefisken vart kjøpt lokalt, av ein annan pioner, Rønhovde. Fôret fiska Kleppe sjølv, med eige notbruk. Pale og annan fisk vart kverna i Sjøhuset, der det også var fryserom. Regnboge-oppdrettet vart avslutta i 1972.

For Kleppe-familien var jamvel ikkje dette den første starten på oppdrett. Mellom anna under krigen hadde dei stort østersoppdrett i ein poll vest på Ivarsøy. Dessutan dreiv Kleppe med hummar-kister som romma 3000 kg, plassert i bukta framfor Engesund.

Soleis representerer Engesund Fiskeoppdrett ei samanhengande, naturleg utvikling som utgjer ein genuin, direkte tilknyting til det gamle fiskarsamfunnet. Ikkje berre på Engesund med ubrote familieband og stadtilknyting, men som ein del av kulturhistoria her vest. Og det er eit døme på den opphavelege intensjonen med oppdrettsanlegga og konsesjonstildelinga, å skapa arbeidsplassar langs kysten bygd på eit lokalt fundament. Oppdrett vart eit alternativ då silda og andre fiskeslag forsvann i 50- og 60-åra.

Noverande dagleg leiar, Svein Eivind Gilje, har vakse opp med fiskeoppdrettet. Han har elles både fagbrev i oppdrett og fiske/fangst. Før han vart tilsett som dagleg leiar, jobba han på fiskebåtar og brønnbåtar, ei tid også som kokk.

Dyrholmen Aust, Visningssenteret

Dyrholmen Vest

Laberget

Duesund

Leirvika

Ådnekvamme

Hovedkontor og Fôrsentral