Nytt badeanlegg i samlokalisering med visningssenteret?
Engesund Fiskeoppdrett AS er i gang med å planleggja eit nytt, moderne mottakssenter for visningssenteret på Meieritomta. Saman med Fitjar utvikling, Fitjar kommune, og Fitjar kraftlag er visjonen å samlokalisere visningssenteret med eit nytt badeanlegg på ei noko utvida Meieritomt. Anlegget kjem også til å romma nye lokale for Fitjar kraftlag.
I ei førebels skisse ser ein føre seg eit anlegg med 25 meter basseng, som kan innehalde badstove, boblebad, stupetårn, sklie og eventuelt kafé. I tillegg er det planar om eventuelt eit lokale for ungdomsklubb og eldresenter.
Eit badeanlegg leverer folkehelse til alle aldersgrupper og alle funksjonsnivå
Me gler oss og har håp om at dette kjem til å bli eit kjempe fint lokale for alle.
Om me får dette til, vil me få ei svært attraktiv plassering av badeanlegget ved sjøkanten i Fitjar sentrum, og visningssenteret vil få ein attraktiv nabo.
Utdrag frå Sunnhordland:
-Gjer me dette her, vil me ha eit skikkeleg anlegg. Me vil ikkje gjera noko halvvegs, seier Sandvik.
Initiativtakarane har gjort eit grovt anslag på at badeanlegget kan kosta mellom 140 til 160 millionar kronar.
I prosessen har ein sett til nabokommunar som Bømlo og Austevoll, og late seg imponera over dei nye badeanlegga der.
Sandvik meiner planane er heilt i tråd med Fitjar Utvikling sitt formål, og at det vil vera eit viktig folkehelsetiltak i bygda.
-Dette vil passa for alle aldrar, alle funksjonsnivå, alle samfunnslag, og me kan få eit mangfald av aktivitetar der, Sandvik.