Engesund Fiskeoppdrett AS søker Visningsvert

 

Søknadsfrist: 17.03.2024Me søker visningsvert 100% stilling 1

 

 

Vil du opphalde deg på sjøen i vakker skjergard, køyre båt og er engasjert i havbruk?

Er du ansvarsfull, omgjengeleg, har god forteljarevne og ivrig på å møte folk frå heile verda?

Samstundes så du kan ha dagar på kontor, vera kreativ og har ambisjonar for å vidareutvikla visningssenteret?

Då har me den perfekte jobben for deg!

Engesund Fiskeoppdrett AS søkjer ny visningsvert i 100% stilling til vårt besøkssenter for akvakultur.

Visningssenteret har nærare 4000 gjestar årleg, med målsetning om å stadig auke besøkstalet. Målet vårt er å tilby høg kvalitet på gaidinga og ei uforgløymeleg oppleving for gjestane våre med både mat og gaiding. Hovudfokuset er akvakulturnæringa, med basis i havbruk og forgreiningar innan biologi, teknologi, økologi og ernæring.

På Visningsflåten er det  kafé og restaurant med gourmetmat basert på eigenprodusert fisk og lokale råvarer. Som visningsvert blir du ein nøkkelperson for å oppnå desse måla.

Sentrale arbeidsoppgåver vil ver å ta i mot gjester som guide, tillaging av mat, vasking, rydding, samt administrative oppgåver som booking, marknadsføring, svare på e-post, vidareutvikla visningskonseptet m.m.

Me ser etter deg som

  • Har god forteljarevner
  • Er fleksibel, serviceinnstilt og sosial
  • Har god kommunikasjonsevne både på engelsk og norsk
  • Er sjølvgåande og toler hektiske dagar innimellom
  • Kan jobbe minimum 1 helg i månaden, samt noko kveld etter behov
  • Bidra til god hygiene, og overhalde hygieniske rutinar, halde orden og vask av lokalet

 

Det er også ein fordel om

  • Erfaring frå reiseliv
  • Kjennskap til akvakultur
  • Interesse for matlaging
  • Bakgrunn som pedagog
  • Kunnskap om marknadsføring
  • Erfaring med båtkøyring
  • Relevante kurs og sertifikater t.d. D5L, passasjer og krisehandtering etc.

 

Me kan tilby

  • Ei unik og spennande arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver, med moglegheit for å påverke både arbeid og innhald
  • Betalt relevant sertifikat og kurs (D5L, sikkerhetskurs mm.)
  • Delvis fleksibel arbeidstid
  • Gode lønnsbetingelser og forsikringar

 

Om oss

Engesund Fiskeoppdrett AS er eit oppdrettsselskap som produserer 4-5000 tonn aure og laks kvart år. Med hovudkontor i Fitjar kommune. Selskapet starta i 1987, og har lokalitetar i Fitjar, Masfjorden og Solund. Mottakslokalet/resepsjon for Visningssenteret ligg i Fitjar sentrum, medan sjølve visningssenteret ligg ute i Fitjarøyane.

Visningssenteret er ein sentral del av verksemda til Engesund Fiskeoppdrett, og er viktig for både drifta og for kommunen Fitjar. Det er blitt eit flott opplevingssenter innan både reiseliv og undervisning. På visningssenteret er målet å formidle faktabasert kunnskap om oppdrettsnæringa gjennom guida turar for alle gjestar som kjem. Selskapet er stadig under utvikling basert på ny teknologi, både i drifta og på visninga.

 

Søknadsinformasjon

Me ynskjer deg velkommen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokument innan søknadsfristen til e-post: post@engesund.no

Om du har spørsmål knytt til stillinga, ta gjerne kontakt med avdelingsleiar Karina Bunes, e-post: karina@engesund.no tlf. 948 67 131 eller personalansvarleg Lars Heine Kåsa, e-post:
lars-heine@engesund.no tlf. 982 66 744

Me søker visningsvert 100% stilling 2
på merdkanten
Me søker visningsvert 100% stilling 3
Folkehøgskule klasse på besøk!