Gåvekort i postkassa?

Har du fått eit gåvekort i postkassa?!
Etter suksess frå i fjor, ynskjer me på nytt i år igjen å levere ut gåvekort i postkassa til nabo kommunane.
I desember har me gidd ut gåvekort til husstandar i Sunnhordland, Austevoll og litt på Hauglandet.

OBS! Gåvekortet kom berre i postkassa til dei som IKKJE har reservert seg mot reklame. Alle er sjølvsagt velkomne på besøk til oss! Så dersom du har reservert deg mot reklame, men ynskjer eit gåvekort hos oss så er det berre til å ta kontakt!

SPAM??!
Mange lurer dessverre på om dette er lureri. Det har me forståing for då det er veldig mykje bedrageri ute å går om dagen..
MEN dette gåvekortet er ikkje lureri!

«For å bedre kunnskapen om akvakultur hos publikum har Fiskeridirektoratet mulighet til å innvilge visningstillatelser. Dette er vederlagsfrie tillatelser til oppdrett av laks, ørret og regnbueørret til visningsformål.
Innholdet i visningstilbudet kan variere, men hovedpoenget er å formidle kunnskap om akvakulturnæringen. De fleste visningstilbudene har et visningssenter på land, hvor besøkende kan få omvisning. I tillegg tilbyr de fleste visningssentrene besøk på et visningsanlegg. Ved besøk på et visningsanlegg blir man tatt med ut på sjøanlegget hvor visningstillatelsen driftes.» (Fiskeridirektoratet)

Med denne konsesjonen er det viktigaste for oss å få ut flest mogleg besøkande. Difor gjer me ut GRATIS tilbod.
Til vanleg kostar det for transporten ut til visningssenteret, men omvisinga er alltid gratis.
Dette gåvekortet gir gratis transport for opptil 12 stk.!
Gåvekortet kan brukast i heile 2024!
Me håpar så mange som mogleg har lyst til å besøk oss!

GOD JUL frå alle oss på Visningssenteret!  🎅🧑‍🎄
Om noko er uklart ring oss gjerne på tlf. 951 89 950

Gåvekort i postkassa? 1
gåvekort 2023
Gåvekort i postkassa? 2
gåvekort 2023 bakside