Hopp til innhold

Berekraftig oppdrett og forskning

Engesund Fiskeoppdrett søkjer til ei kvar tid å bedre drifta si, både med tanke på økonomi og berekraft.

Berekraftig produksjon = kvalitetsfisk

Havbruk har potensiale til å verte ei av dei viktigaste kjeldene til mat, næringsstoff og energi i framtida, men for å lukkast med det må berekraft vere sjølve grunn-pilaren. Engesund er med på fleire konkrete prosjekt innan forskning og utvikling som vil auke berekrafta til oppdrettet. Engesund vil ta vare på miljøet rundt merdane og fisken i merdane. Slik vil vårt fokus på berekraft gje oss eit velsmakande kvalitetsprodukt som er laga i samspel med naturen.

Samarbeid med forskingsinstitusjonar, leverandørbedrifter, rådgjevarar og andre oppdrettarar er heilt sentralt i våre innovasjonsprosjekt. Gjennom samarbeid vert prosjekta godt gjennomarbeida, og mange hovud kan kome med gode løysingar. Oppdrettsnæringa er open, og eventuelle resultat frå våre prosjekt kjem heile næringa til gode, både gjennom informasjonsdeling, og offentleg rapportering.

Produksjonen vår vert sikra av eit solid kvalitetssystem, og Engesund siktar mot å verte GlobalGAP sertifisert innan eit år.

Kva gjer me?

Engesund har satsa store ressursar på innovasjon og utvikling. Prosjekta vert drivne fram i samarbeid med forskingsinstitusjonar, rådgjevrara, leverandørar og andre oppdrettarar. Under ligg lenker til nokre eksemplar:

Sjå oversikt over prosjekta våre her.