Hopp til innhold

Me søker ny visningsvert 100% stilling

Søknadsfrist: 05.02.2023

 

Vil du opphalde deg  på sjøen i vakker skjergard, køyre båt og er engasjert i havbruk?

Er du ansvarsfull, omgjengeleg, har god forteljarevne og  ivrig på å møte folk frå heile verda?

Då har me den perfekte jobben for deg!

Engesund Fiskeoppdrett AS søkjer ny visningsvert i 100% stilling til vårt besøkssenter for akvakultur.

Målet vårt er å tilby høg kvalitet på gaidinga og ei uforgløymeleg oppleving for gjestane våre. Hovudfokuset er akvakulturnæringa, med basis i havbruk og forgreiningar innan biologi, teknologi, økologi og ernæring. Som guide blir du ein nøkkelperson for å oppnå desse måla.

Visningssenteret har nærare 3000 gjestar årleg, med målsetning om å stadig auke besøkstalet. På Visningsflåten er det  kafé og restaurant med gourmetmat basert på eigenprodusert fisk og lokale råvarer.

Me ser etter deg som

-Har god forteljarevner
-Er fleksibel, serviceinnstilt og sosial
-Har god kommunikasjonsevne både på engelsk og norsk
-Er sjølvgåande og toler hektiske dagar innimellom
-Erfaring frå reiseliv og/eller bakgrunn som pedagog (er ein fordel)
-Kan jobbe minimum 1 helg i månaden, samt noko kveld etter behov
-Gjerne interesse for matlaging og markedsføring

Me kan tilby

-Ei unik og spennande arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø
-Varierte arbeidsoppgåver, med moglegheit for å påverke både arbeid og innhald
-Betalt relevant sertifikat og kurs (D5L, sikkerhetskurs mm.)
-Delvis fleksibel arbeidstid
-Gode lønnsbetingelser, bonusordning og forsikringar

Om oss

Engesund Fiskeoppdrett AS er eit lite familieeigd oppdrettsselskap med hovudkontor i Fitjar kommune. Selskapet starta i 1987, og har lokalitetar i Fitjar, Masfjorden og Solund. Mottakslokalet/resepsjon for Visningssenteret ligg i Fitjar sentrum, medan sjølve visningssenteret ligg ute i Fitjarøyane.

Visningssenteret er ein sentral del av verksemda til Engesund Fiskeoppdrett, og er viktig for både drifta og for kommunen Fitjar. Det er blitt eit flott opplevingssenter innan både reiseliv og undervisning. På visningssenteret er målet å formidle faktabasert kunnskap om oppdrettsnæringa gjennom guida turar for alle gjestar som kjem. Selskapet er stadig under utvikling basert på ny teknologi, både i drifta og på visninga.

Søknadsinformasjon

Me ynskjer deg velkommen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokument innan søknadsfristen til e-post: post@engesund.no

Om du har spørsmål knytt til stillinga, ta gjerne kontakt med Lisa Gilje, e-post: Lisa@engesund.no, tlf. 97078086 eller Karina Bunes, e-post: Karina@engesund.no, tlf. 94867131