Hopp til innhold

Hausttakkefest

                              Haustakkefest 28. oktober kl. 17.00

Me inviterer til fem retters gourmet-middag i øyriket Fitjar. I tillegg flott naturoppleving står kortreist mat i sentrum for festen. Med denne festen ynskjer me å gje folk ei smaksoppleving av unike, lokale råvarer. Det er handverksmat, laga med kjærleik. Her blir det servert råvarer frå mellom anna Engesund, Fitjar gardsmat, Hogste gardsmat og Fitjargarden.

Restauranten til Engesund Visningssenter ligg på flåten i nordenden av den eldgamle skipsleia i Fitjarøyane. Her ute i øyriket har me bygd opp et besøkssenter der du får innblikk i havbruk på nært hald. Gourmet-maten me serverer, vert laga av ein meisterkokk. Vertskapet lovar deg ein heilt spesiell oppleving.

«Hausttakkefest har blitt feira i Norge sidan 1899. Den blir ofte feira i forbindelse med Mikkelsmessa. I USA er denne festen feira som ein nasjonal festdag kalt Thanksgiving. (Store Norske Leksikon)»

Det er ikkje berre mat som vert servert denne kvelden. Alle råvarene har sine unike historier, som fortener ein skikkeleg presentasjon. Gjestane vil få historier og bilete om både råvara og produsentar, innramma av musikalske innslag ved Lisa Instefjord Gilje. Me håper alle sansane blir tatt i bruk denne kvelden og at gjestane blir stolte over maten me produserer her i Noreg.

Det er 30 plassar tilgjengeleg, og her kan både grupper og enkeltpersonar melde seg på.
Tidspunkt: Fredag 28. oktober 17.00 – 21.00

Påmeldingsfrist: 24. oktober
Pris: 845,- per person inkl båttransport. (795,- per person om du kjem med eigen båt) Oppmøte ved Fitjarsjøen 2, herfrå blir det båttransport ut til festlokalet. Festen er ute på flåten ved Dyrholmen, nordvest for Engesund.

Praktisk informasjon:
De får utdelt hos oss:
– Redningsdressar for RIB kjøring (vind og vanntett) eller redningsvest i MS Ingeborg (lukka båt)
– Buff/hals
Me tilrår å ta med/på sjølve:
– Gode sko til båtturen (støvlar om regn), lurt å ta med finsko til å ha inne i festlokalet.
– Yttertøy – regntøy ved regn (kan ha under flytedressen)
– Lue og hanskar om kaldt
– Kamera
Inkluderer:
– båttur tur-retur med MS Ingeborg eller RIB
– fem-rettars middag på visningssenteret
– kultur- og musikkinnslag.
Oppmøte mellom kl. 16:45–17:00. Avgang frå Fitjarsjøen 2, kl. 17:05
Varigheit: 4 timar

Vêratterhald: Av omsyn til tryggleiken og velværet til gjestene, køyrer me ikkje ut med båtane viss vêret ikkje er godt nok. Skulle turen din bli avlyst, vil du sjølvsagt få pengane tilbake, og 20 % rabatt på det neste arrangementet hos oss.