Hopp til innhold

Fiskefestival på Fitjar

Velkommen til Fiskefestival på Fitjar, laurdag 13. august.

Etter to år med pandemi, kan me endeleg arrangera fiskefestivalen på Fitjar igjen (sjå program for fiskefestival).

Denne dagen vil me på Engesund Fiskeoppdrett Visningssenter feira med gratis båttransport og gaida turar heile dagen!

Det vert båttransport frå resepsjonen, Fitjarsjøen 2, kvar heile time; kl. 11.00, 12.00, 13.00, 14.00, 15.00, 16.00 og 17.00. Retur frå Engesund visningssenter til Fitjar kvar halv time, 12.30, 13.30, 14.30, 15.30, 16.30, 17.30 og 18.30. NB! Maks 12 passasjerar på kvar avgong, førstemann til mølla.

Denne dagen har me favoritten LAKSEWRAP for kr. 50,- på kafeen på visningssenteret! PS! Begrensa meny på kafeen denne dagen.

Det tek ca. 1,5t med gaida tur, og moglegheiter for eit raskt kafêbesøk/sailaway.

Gaida visningstur denne dagen er litt annleis med hovudfokus på borna!

Velkommen til oss!