Hopp til innhold

Julegåvepose

Den perfekte julegåven til den som har alt!  Me har plukka ut spennande smakskombinasjonar som passar godt til julefrukosten eller julelunsjen. Pakken inneheld gode råvarer frå Engesund Visningssenter, laga opp av meisterkokken Michael Reddington.

Pakken kjem i liten og stor størrelse. Det er og mogleg å kjøpe varene kvar for seg, ta kontakt for informasjon.

Stor pose kr. 400,- (verdi 499,-)
Varmrøykt laks/aure, kaldrøykt laks/aure, syltalaks/aure, gravlaks, tangpesto x 2, tangsalt.
Liten pose kr. 260,- (verdi 309,-)
Varmrøykt laks/aure, kaldrøykt laks/aure, syltalaks/aure, tangpesto.


Førehandsbestill på e-post visning@engesund.no eller tlf. 951 89 950.
Pakken kan hentast i resepsjonen på Engesund Fiskeoppdrett Visningssenter, Fitjarsjøen 2.

16/12 kl. 10.00-18.00 OBS! grunna sjukdom er det ikkje mogleg å hente julegåveposen denne veka (veke 50) kontakt oss på 951 89 950 for spørsmål.
17/12 kl. 10.00-18.00 OBS! grunna sjukdom er det ikkje mogleg å hente julegåveposen denne veka (veke 50) kontakt oss på 951 89 950 for spørsmål.
20/12 kl. 10.00-18.00
21/12 kl. 10.00-18.00
22/12 kl. 10.00-18.00
23/12 kl. 10.00-18.00

Ta kontakt for alternativ leveranse.  Betaling med bankkort, vipps eller kontant.

I pakken er det laks og/eller aure frå Engesund Fiskeoppdrett, produsert på Engesund Fiskeoppdrett Visningssenter som ligg på Fitjar. Engesund Fiskeoppdrett er eit lite familieeigd selskap som er svært innovative og har eit sterkt fokus på berekraftige løysingar. Engesund Fiskeoppdrett fòrar all fisk på 100% naturlege råvarer. På Engesund Visningssenter er det eit lite produksjonskjøkken som blir brukt i samband med visningar, små tilstellingar og kafédrift på sommaren. Produkta er produsert av meisterkokken   Michael Reddington. Visningssenteret er lokalisert i det vakre øyriket Fitjarøyane, det er eit opplevelsessenter der ein tek i mot publikum for å læra meir om akvakulturnæringa. Visningssenteret er ope heile året, og er ein kjekk aktivitet for store og små. Les meir om visningssenteret: https://engesund.no/visningssenter/

Engesund Fiskeoppdrett har eige tareoppdrett. Dyrking av tare bidrar positivt til miljøet, i tillegg er tare veldig næringsrikt og har mange ulike eigenskapar. Dyrking av tare kan bli svar på mange av problema me har i dag med produksjon av mat og råvarer. Les meir om tare produksjonen vår: https://engesund.no/prosjekter/dyrking-av-tare/. Me i Engesund samarbeida med Arctic Seaweed som sett ut og haustar taren for oss, samt foredlar taren og send vidare noko av taren til Nordisk Tang som lager ferdig tare produkt.