Hopp til innhold

Sesongmedarbeidar Engesund Visningssenter 2021

Me søker 3 sesongmedarbeidarar i perioden 19.juni – 15. august

Engesund Visningssenter er eit moderne opplevingssenter for havbruk. Senterets verksemd er drift av opplevingssenter, kafé på flåten vår, turistinformasjon og resepsjon sentralt i Fitjar.

Engesund Visningssenter er lokalisert i Fitjarøyane, med landbase i Fitjar sentrum, 10 min frå E39 ved Sandvikvåg ferjekai. Her er resepsjonen vår lokalisert, og me driftar også turistinformasjon for Fitjar i sommarsesongen.

I resepsjonen må du kunne ta vera blid, imøtekomande og informere godt om tilboda hos Engesund, i Fitjar og Sunnhordland. Du får opplæring, men må kunne tileigne deg kunnskap om regionen vår ein del på eiga hand. Du må ha god kjennskap til sosiale medier, og kunne bruke data.

Vår kafédrift og gaida opplevingssenter er lokalisert på Visningsflåten som ligg ute i Fitjarøyene nært Selbjørnsfjorden. Kaféen satsar på lokale kvalitetsråvarer, med vekt på sjømat. Her kan folk koma med eigen båt eller på dei faste båtavgangane våre frå Fitjar sentrum. Me kan ta imot 30 gjester i kafeen. I kaféen vil oppgåvene bestå av mottak av gjester i kaféen, organisering av bestillingar, servering, oppvask og bruk av kasse.

Opplevingssenteret består av gaida tur på oppdrettsanlegget, samt i utstilling i kjellaren på flåten. Grupper på maks 12 om gangen. Du som gaid må kunne fortelje og engasjere utifrå eit manus. Du må evne å tileigne deg mykje informasjon om akvakulturnæringa på kort tid.

 

Me ser etter deg som

Er allsidig, ansvarsbevisst, strukturert og påliteleg.

Er interessert i god og lokal matkultur.

Er sjølvstendig, men også god til å samarbeide med andre.

Viser fleksibilitet i forhold til arbeidsoppgåver og tar initiativ.

Likar seg på sjøen og kan arbeide under press.

Kunne tileigne deg informasjon og gjenge dette utan hjelpemiddel.

Har gode datakunnskap og kjennskap til sosiale medier.

Marknadsføringskompetanse er eit fortrinn.

 

Arbeidsoppgåver

Gaiding på opplevingssenteret.

Arbeide etter IK-mat rutiner.

Reinhald og oppvask.

Servering og kasse. Vere turistvert i turistinformasjon.

 

Me kan tilby:

Varierte arbeidsoppgåver på ein spanande arbeidsstad.

Opplæring med lønn, fortrinnsvis før 19. juni.

 

Kvalifikasjonskrav:

Minimum 16 år

Kunne meistre minimum 2 av 3 hovudoppgåvene; servering, turistinformasjon og gaiding.

Beherskar norsk og engelsk.

God nynorsk kompetanse er eit fortrinn.

Ønskeleg med båtførarbevis.

Ser dette interessant ut? Send oss din søknad snarast til post@engesund.no