Hopp til innhold

Julegåvetips

Den perfekte pakken å gje til den som har alt!  Me har plukka ut spennande smakskombinasjonar som passar godt til julefrukosten eller julelunsjen. Pakken inneheld gode råvarer frå Engesund Visningssenter, laga opp av meisterkokken Michael Reddington.

Pakken kjem i liten og stor størrelse, forskjellen er størrelsen på produkta i pakken. Det er og mogleg å kjøpe varene kvar for seg, ta kontakt for informasjon.

Inneheld:
Varmrøykt laks
Gravlaks
Syltalaks
Tangpesto
Tangsalt (berre i den store)
Sennepssaus
Fiskeskinn
Pris liten: 250,-
Pris stor 500,-

Førehandsbestill på e-post visning@engesund.no eller tlf. 951 89 950.

Pakken kan hentast i resepsjonen på Engesund Fiskeoppdrett Visningssenter på onsdagar kl. 13-19. Ta kontakt for alternativ leveranse. Levering frå 2. desember. Betaling med bankkort, vipps eller kontant.

Det er og mogleg å kjøpe varene kvar for seg:

VARMRØYKT LAKS

Innhald: Laks, salt, aprikos, honning og sukker.
Haldbarheit: 6 mnd i frysen. 10 dagar i kjøleskap, 5 dagar etter opna pose.
250 gr.- 113 kr
500 gr. – 225 kr.
1 kg. – 449 kr.

GRAVA LAKS

Innhald: Laks, salt, sukker, krydderblanding,
Haldbarheit: 6 mnd i frysen, 10 dagar i kjøleskap, 5 dagar etter opna pose.
250 gr.- kr. 76,-
500 gr. – kr. 152,-
1 kg. – kr. 305,-

SYLTALAKS

Innhald: Laks, raudlauk, vatn, eddik, sukker, urte-og krydderblanding, peppar, sennepsfrø, laurbærblad.
Haldbarheit: Opna glas 3-5 dagar.
2,5 dl- 60 kr. glaset.

I pakken er det laks og/eller aure. Fisken er frå Engesund Fiskeoppdrett, produsert (utanom tang produkta) på Engesund Fiskeoppdrett Visningssenter som ligg på Fitjar.  På Engesund Visningssenter er det eit lite produksjonskjøkken som blir brukt i samband med visningar, små tilstellingar og kafédrift på sommaren. Produkta er produsert av meisterkokken Michael Reddington. Les meir om visningssenteret: https://engesund.no/visningssenter/

 

Engesund Fiskeoppdrett har eige tareoppdrett. Dyrking av tare bidrar positivt til miljøet, i tillegg er tare veldig næringsrikt og har mange ulike eigenskapar. Dyrking av tare kan bli svar på mange av problema me har i dag med produksjon av mat og råvarer. Les meir om tare produksjonen vår: https://engesund.no/prosjekter/dyrking-av-tare/. Me i Engesund samarbeida med Arctic Seaweed som sett ut og haustar taren for oss, samt foredlar taren og send vidare noko av taren til Nordisk Tang som lager ferdig tare produkt.