Hopp til innhold

Me søker sesongmedarbeidarar

 

Me søker fleire sesongmedarbeidarar i perioden 16.juni – 16. august på Engesund Visningssenter

Engesund Visningssenter er eit moderne opplevingssenter for havbruk. Senterets verksemd er drift av opplevingssenter, kafé på flåten vår, turistinformasjon og resepsjon sentralt i Fitjar. Engesund Visningssenter er lokalisert i Fitjarøyane, med landbase i Fitjar sentrum, 10 min frå E39 ved Sandvikvåg ferjekai.

Vår kafédrift er lokalisert på Visningsflåten som ligg ute i Fitjarøyane nær Selbjørnsfjorden. Kaféen satsar på lokale kvalitetsråvarer, med vekt på sjømat. Her kan folk koma med eigen båt eller på dei faste båtavgangane våre frå Fitjar sentrum.

Resepsjonen vår er kombinert turistinformasjon og resepsjon for vår verksemd. Den er landfast ved Fitjarsjøen 2, i Fitjar Sentrum. Som medarbeidar i resepsjonen er du vårt ansikt ut til folk i sesongen.

Stillingane vil krevje mykje helgearbeid. Det er 8 timar arbeidsdag, der arbeidstid blir lagt mellom 09.00 – 19.00. Me prioriterer personar som kan jobbe heile sesongen.

 

Me ser etter deg som

-Er serviceinnstilte, blid, imøtekommande, engasjert, ansvarsfull, lærevillig, nøyaktig og rask

-Gjerne med erfaring frå reiseliv

-Snakkar flytande norsk og engelsk, men gjerne fleire språk

-Viser fleksibilitet i forhold til arbeidsoppgåver og arbeidstid

-Kan jobba sjølvstendig over tid, men også samarbeide godt med andre

-Bidra til god hygiene, og overhalde hygieniske rutinar, halde orden og vask av lokalet

 

Arbeidsoppgåver resepsjonist:

-Turistinformasjon, du må kunne sette deg inn i informasjon om området

-Kasse

-Mottak grupper

-Booking

 

Arbeidsoppgåver kafé:

-Produksjon av kald og varm mat

-Arbeide etter IK-mat rutinar

-Generelt kjøkkenarbeid

-Servering og kasse

 

Arbeidsoppgåver gaid:

-Gaide grupper og fortelje fritt frå manus

-Ta imot grupper, sørge for sikkerhet og informasjon er ivaretatt

-Kreativitet, forteljarevne og/eller musikalske evner er eit pluss

 

Me kan tilby:

-Varierte arbeidsoppgåver på ein spanande arbeidsstad

-konkurransedyktige lønnsvilkår

 

Kvalifikasjonskrav:

-Minimum 18 år

-Serviceinnstilt, kvalitetsbevisst og detaljorientert

-Snakkar flytande norsk og engelsk

 

Ser dette interessant ut? Send oss din søknad snarast, og skriv gjerne kvalifikasjoner i forhold til resepsjon, gaid og/eller kafé.

Søknadsfrist 18.05.2020

Send søknad på e-post: post@engesund.no

Tlf. ved spørsmål: 95189950