Hopp til innhold

Friskus i øyane – vandring på Fonno 18. november

Opplev den nydelege skjærgården i Fitjarøyane, og topptur til Ramsberget på øya Fonno. Turen avsluttes med ei smaksrik fiskesuppe ute på visningssenteret til Engesund Fiskeoppdrett. Velg mellom to turar, ein 4 timars tur og ein på 6 timar.

BLI MED PÅ TUR 18. NOVEMBER (6 timars turen). Oppmøte ved kontorbygget til Engesund kl. 10.00. 

                     

Varighet: 4 til 6 timar

Vanskegrad:

Lang tur: Moderat/krevjande – Gåturen til Ramsberget (6 timar)

Kortare tur: Moderat – tur-retur Ljokloven og Tussakloven (4 timar)

Innhald: Oppmøte og førebuing til båttur på Fitjar, i kontorbygget til Engesund Fiskeoppdrett. Båtturen går til Fonno og tar cirka 5 minuttar. Turen er gaida, og undervegs har me nokre stopp der de får høyre om livet på Fonno, på godt og vondt, med noko skjemt og noko alvor. Første del av turen går på sti i utmark, mot Ljokloven og Litlavatnet. Her vil løypa vera prega av berg og våt myr. På enden kan det vera me finn Tussakloven og tar ein liten kafferast, før ein på alternativ 1 returnerer same vegen tilbake til båten. På alternativ to vil ein etter Tussakloven sikte seg inn på toppen Ramsberget (148 moh), og få med seg den flotte utsikta ut mot havet. Delar av turen tilbake går me på gardsveg. Tilbake i båten går ferda vidare til visningsanlegget, der det blir servert ei varm og god fiskesuppe og de får omvising på anlegget. Deretter går turen tilbake til Fitjar. Kle dykk etter veret, hugs gode tursko (vasstette) og drikkevatn til turen.

Pris: 499 kroner for kort tur (4 timar), 549 kroner for lengre tur (6 timar).

Tidspunkt: Oktober, november, januar til april. (for grupper, avtal egna tidspunkt).

Plassar: Grupper på maks 30 personar.

Påmelding: innan 15. november til epost: post@engesund.no eller tlf. 951 89 950/948 67 131