Hopp til innhold

Julelunsj i Fitjarøyane

– Ei annleis og uformell juleoppleving

Kvifor ikkje leggja juleavslutninga til sjøs? På Engesund Visningssenter i Fitjarøyane har me restaurant. Her tilbyr me i år julelunsj, høveleg for både verksemder, organisasjonar, venegjengar og familiar som ynskjer å ha ei spesiell og uformell samling. Kombiner gjerne med eit seminar. Turen ut hit gir ei frisk naturoppleving og eit smakfullt og variert måltid med dei beste råvarene frå distriktet.

 

I desember har me sjølvsagt pynta til jul og syt for ei god julestemning med song og musikk.

De kan velja mellom tradisjonell julelunsj og julelunsj med sunn og kortreist sjømat. Denne havets julelunsj er samansett av mellom anna gin marinert laks, varmrøykt aure med ein kryddersnert og vår eigen unike sylta laks. Det blir servert dillstua poteter og brød. Til dessert blir det tilslørte bondepiker.

Ute kan du sjå laks og aure hoppa i merdane. Kanskje ein forviten havørn seglar over oss. Eller ærfugl og skarv er å sjå mellom holmane.

På vegen ut i båt passerer me nyrestaurerte Smedholmen, den gamle handels- og gjestgjevarstaden Engesund og husmannsplasset Revet.

Og under returen til Fitjar kan du oppleve fredfullt kystlandskap, med lyslagd fitjarbygd speglande i sjøen framfor oss.

 

Tidspunkt:

10, 11, 12, 17, 18 og 19. desember kl. 11.00-14.00.

Tysdag 10. desember kl. 11.00-14.00

Onsdag 11. desember kl.11.00-14.00

Torsdag 12. desember kl. 11.00-14.00

Tysdag 17. desember kl. 11.00-14.00

Onsdag 18. desember kl.11.00-14.00

Torsdag 19. desember kl.11.00-14.00

Tidspunkt og dato kan endrast ved førespurnad. Maks 30 personar på ein gong.

 

Bestilling:

e-post: post@engesund.no og telefon: 95189950. Minst ei veke før.

 

Prisar:

545,- per person.

Ved grupper på over 10 personer tilbyr me 10% rabatt. For grupper på 20 og oppver tilbyr me 15% rabatt. (du kan betale med vipps, kort eller faktura for bedrifter).

 

Inkluderer:

Dette inkluderer mat (drikkevarer må kjøpast utanom, ingen alkoholservering), båttur tur-retur og visning (omvisning på fjernforinga, merdkanten og utstillingen nede på oppdrettsflåten).

Båttur i trygge og stødige RIB-båtar. Alle passasjerane får gode redningsdressar på. To-rettars middag på visningssenteret. Musikk og song som høyrer jula til.

 

 

Kvar:

Oppmøte i Fitjar sentrum, ved Fitjarsjøen 2, kl. 11.00 for påkledning og omvisning. Julelunsjen er ute på flåten ved Dyrholmen, nord for Engesund.

 

Praktisk informasjon:

De får utdelt hos oss:

Flytedressar – vind og vanntett ved noko regn.

Buff/hals

 

Lurt å ta med sjølve:

Gode sko til båtturen (støvlar om regn), lurt å ta med finsko til å ha inne i festlokala.

Yttertøy – Regntøy ved regn (kan ha under flytedressen)

Lue og hanskar

Kamera

 

Varigheit: 3 timar

 

Vêratterhald:

Av omsyn til tryggleiken og velværet til gjestene, går me ikkje ut med båtane viss vêret ikkje er godt nok. Skulle turen din bli avlyst, vil du sjølvsagt få pengane tilbake, og 20 % rabatt på det neste arrangementet hos oss. Det er sjeldan me avlys turar.

 

Avstander:

Stord – Fitjar 28  kilometer

Bremnes – Fitjar 48 kilometer

Haugesund – Fitjar 76 kilometer