Ein spektakulær hausttakkefest
– Fem retters gourmet – middag i øyriket Fitjar
Engesund Visningssenter tilbyr enkeltpersonar og grupper ein unik hausttakkefest i den flotte skjergarden utanfor Fitjar. Forutan flott naturoppleving står kortreist mat i sentrum for festen.
Med denne festen ynskjer me å gje folk ei smaksoppleving av unike, lokale råvarer. Det er handverksmat, laga med kjærleik. Her blir det servert råvarer frå mellom anna Engesund, Fitjar gardsmat, Fitjargarden og mykje meir.
Restauranten til Engesund Visningssenter ligg på flåten i nordenden av den eldgamle skipsleia i Fitjarøyane. Her ute i øyriket har ein bygd opp et besøkssenter der du får innblikk i havbruk på nært hald. Gourmet-maten me serverer, vert laga av ein meisterkokk. Vertskapet lovar deg ein heilt spesiell oppleving.
«Hausttakkefest har blitt feira i Norge siden 1899. Den blir ofte feira i forbindelse med Mikkelsmessa. I USA er denne festen feira som ein nasjonal festdag kalt Thanksgiving. (Store Norske Leksikon)»
Kortreist fitjarbu kjem med musikalske innslag
Det er ikkje berre mat som vert servert denne kvelden. Alle råvarene har sine unike historier, som fortener ein skikkeleg presentasjon. Gjestane vil få historier og bilete om både råvara og produsentar, innramma av musikalske innslag ved Johannes Aadland. Johannes er med i bandet Askeladden som held til i Bergen, men er elles ein ekte kortreist fitjarbu. Me håper alle sansane blir tatt i bruk denne kvelden og at gjestane blir stolte over maten me produserer her i Noreg, seier visningsleiar Lisa Instefjord Gilje.
Det er 30 plassar tilgjengeleg, og her kan både grupper og enkeltpersonar melde seg på.
Tidspunkt: Fredag 1. november 17.00 – 21.00
Påmeldingsfrist: 28. oktober
Pris: Kroner 649 per person (drikkevare kjøper ein utanom, ingen alkoholservering). Du kan betala med vipps, på kortautomat, mens bedrifter kan få tilsendt faktura.
Kvar: oppmøte i Fitjar sentrum, ved Fitjarsjøen 2, der båtane går i frå. Festen er ute på flåten ved Dyrholmen, nord for Engesund.
Praktisk informasjon:
De får utdelt hos oss:
Flytedressar – vind og vanntett ved noko regn.
Buff/hals
Me tilrår å ta med/på sjølve:
Gode sko til båtturen (støvler om regn), lurt å ta med finsko til å ha inne i festlokalene.
Yttertøy – Regntøy ved regn (kan ha under flytedressen)
Lue og hanskar om kaldt
Kamera
Inkluderer: Båttur tur-retur i trygge og stødige RIB-båtar, fem-rettars middag på visningssenteret, kultur- og musikkinnslag.
Varigheit: 4 timar
Booking på e-post: post@engesund.no eller telefon: 95189950
Vêratterhald: Av omsyn til tryggleiken og velværet til gjestene, går me ikkje ut med båtane viss vêret ikkje er godt nok. Skulle turen din bli avlyst, vil du sjølvsagt få pengane tilbake, og 20 % rabatt på det neste arrangementet hos oss.